Det siste verket var urframsyninga av Therese Birkelund Ulvo sitt «surlande/tiklande/hullande – du vildrande, tislande bekk», eit tingingsverk for vokalkvintett, blokkfløyte og bekk.
Bekken klukkar ganske upåakta hen gjennom koret, og musikken blir som ein ode til bekken og naturen.
Stemmeklang flyttar seg frå innsida av fabrikken til ein bekk like bakom, og plasserer seg i og rundt vatnet. Det er ei underleg kombinasjon, men han fungerer godt. Blokkfløyta blandar seg storarta med koret – ho er akkurat lik nok stemmene til å gli saumlaust inn i dei tette klangane til Ulvo, men skil seg framleis nok frå dei til å skjere gjennom i solopartia.
Bekken klukkar ganske upåakta hen gjennom koret, og musikken blir som ein ode til bekken og naturen. Ulvo skriv i programmet at ho tenkjer på seg sjølv som ein urban komponist, men her har ho verkeleg teke naturen inn i musikken på eit organisk, overtydande vis.
Foto: Ingrid Opedal